Når me skal avslutta ein formell e-post, gjeld i utgangspunktet dei same reglane som for signaturen i eit brev: ikkje komma når helsingsfrasen står på ei eiga linje over namnet, ikkje komma mellom andre linjer og ikkje punktum til slutt. Legg òg merke til at titlar skal skrivast med liten førebokstav. Til dømes:
Venleg helsing Målfrid Språkerud rådgjevar
Det tradisjonelle brevet frå ein offentleg institusjon er ein temmeleg formell sjanger. I ein e-post må skribenten i større grad vurdera kva for nivå han eller ho vil leggja seg på, alt etter mottakaren, temaet og situasjonen elles. Dei vanlegaste alternativa er lista opp nedanfor:
Helsing Målfrid Språkerud
Med helsing Målfrid Språkerud
Venleg helsing Målfrid Språkerud
Med venleg helsing Målfrid Språkerud
Me kan òg la vera å bruka helsingsfrasar:
Målfrid Språkerud
Det verkar nokså uformelt eller til og med uhøfleg å bruka forkortingane Vh. eller Mvh. i ein helsingsfrase i ein formell e-post, og me rår ifrå å bruka dei. Dersom du likevel vel å bruka ei forkorting, må ho avsluttast med punktum etter h-en.
|